Området

På Omenås i Valldal finn du mykje du kan ta deg til med. I tillegg til alt det naturen og fjella kan by på er det fotballbane og lakseelv like ved.

Fellesområde

Vinterstid kan du spenne på deg skia å gå i eigne spor bort til lysløypa som eksisterer i dag. Du kan òg ta på deg skia, kaste sekken på ryggen og gå deg ein tur elles i området, utan å køyre ein meter.

No er det moglegheit for alle som vil og kople seg på fiber i Omenås Hyttegrend. Ein aktiv hyttegjeng har fått det til gjennom dugnadsinnsats og god planlegging.

I fjella omkring er det mange fiskerike vatn som er lett tilgjengelege. Toppane står berre og ventar. Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger går forbi. Langs den vegen er det mange attraksjonar. Til Åndalsnes er det 40 kilometer.

Ned til fjorden er det åtte kilometer. Her er det mogleg å leige båt. På Sylte, i – sentrum av Valldal – skjer det mykje, spesielt i sommarmånadene. Området trekkjer til seg mykje folk. Der er det to daglegvarebutikkar, to hotell, post, bank, spisestader og bowling. Olsok er eit kjent arrangement. Kulåfestivalen sørgjer for musikk og dans.

Valldal er kjend for sitt milde klima. Dette kombinert med alt det naturen byr på, kan ein bruke mykje tid på og enno ha mykje som ein ikkje har opplevt, til gode.

Sjekk ut https://www.valldal.no/ for kva du kan gjere av aktivitetar

Tafjordfjella og bygda Tafjord ligg 15 kilometer frå Valldal sentrum. Der finn ein friluftsbad med oppvarma vatn, kraftmuseum og mektig natur. Her kan ein køyre langt til fjells før ein hiv sekken på ryggen. Ålesund og Sunnmøre Turistforening har hytter og oppmerka løyper i området til dagsturar eller vandringar over fleire dagar.

Stordal og Stranda er stader like i nærleiken som har alpinanlegg. På Overøye i Stordal er det bygd opp eit flott skianlegg som berre er ein halvtime unna med bil. Strandafjellet Alpinsenter har også eit flott alpinanlegg.

Bygda Norddal og Herdalssetra ligg på andre sida av fjorden. Både Tafjord og Norddal er bygder som grenser til verdsarvområdet. Geiranger talar for seg sjølv, og er ikkje lenger unna enn ein halv time med bil.